Vi er ein familie på fem - Gudveig, Odd Martin, Mary-Ann, Oline og Alma.
I 2020 overtok vi familiegarden til Gudveig, som ligg i det vakre kulturlandskapet på Kartveit, Radøy. Her har vi nydeleg utsikt utover flotte naturområder på Radøy, med Masfjordfjell som bakgrunnen mot øst, Salhus mot sør, Øygarden i vest og Toska mot nord. Likevel ligg garden lett tilgjengeleg frå fylkesvegen.
Vi er ein kreativ og aktiv familie som liker store og små prosjekt. Det er mange moglegheiter på ein gard, og nett no ser vi på prosjekter for å få garden til å vakse - ikkje i areal og meter - men i produksjon og besøk. Vi ønsker å skape ein gard som er viktig for nærområdet, tek miljøproblema på alvor, og som binder bru mellom dei som bur her men og dei som kjem på besøk.
Kulturhistoria i nærområdet er viktig, og vi vil være ei av aktørane som tek historia på alvor og som er stolt over denne - men samtidig byggjer bruer mellom fortida og nåtida, og framtida.
I år er vi stolte av å verta ein del av SMAK AV NORDHORDLAND UNESCO BIOSFÆRE. Saman med ein rekkje dyktige lokale matprodusentar kan vi tilby sunn og trygg mat produsert lokalt i Nordhordland. Vi trur at biosfæren i Nordhordland er særs god for å kunne produsera sunne, trygge og bærekraftig mat. Den variert naturen er og viktig for god dyrevelferd og trivsel for dei som bur her.
Hovedproduksjonen på garden i dag er sau.
Vi har like rundt 15 vinterfora NKS (Norsk Kvit Sau).
Desse beitar om på gode kulturbeiter på Kartveit og omeng.
Vi er godkjent Nisje-bedrift hjå Nortura,
det vil sei at vi kan selge kjøtt frå vår produksjon.
Per nå så sel vi kun heile dyret (slakta og oppskjært av Nortura)
Vi har 7 bikubar som produserar herleg honning.
På grunn av sjukdom i familien har vi valt å flytta biene våre til
Rikstad Bigård inntil vidare. Dei sel honning i ulike smakar og storleikar, båe rørt og flytande - sjølvsagt heilt naturleg
Det gamle hovudhuset på garden vart totalrenovert i 2009 for å kunne nyttast til utleige for turistar. Her kan ein nyta staden i eit triveleg tømmerhus frå midten av 1800-talet. Huset har ein eigen sjarm der gamle byggetradisjonar går hand i hand med nye fasilitetar. Her er det blant annet tømmervegger, tregulv, to fliselagte bad og vannbåren varme.
Sjekk ut linken under for meir informasjon og booking.
Hjarteleg velkomen til "Gamlehuset"
Kvart år sel vi juletre frå våre sjølvhoggst juletreskogar. Vi har tre område med juletre i ulike storleikar, så her skal det vera mogleg å finna det perfekte treet for dykk!
Juletrea er av type Nordmannsedelgran og Fjelledelgrann.
Treng du hjelp til å hogga eller å finna det rette treet?
Ta kontakt så hjelpar vi deg med dette.
Sertifisert bigard
Medlem av Bergenske og Sotra Birøkterlag